Ny gebyrforskrift for 2024
Samferdselsdepartementet har vedtatt ny forskrift om gebyr til Luftfartstilsynet for 2024.
Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2024 og erstattar forskrift av 17. januar 2023 nr. 58.
For nye søknader som kjem inn til Luftfartstilsynet frå og med 1. januar 2024 vert gebyr betalt etter ny forskrift. Det må også betalast gebyr etter ny forskrift for prøvar som vert avlagde etter 1. januar 2024.
Gebyrforskrift for 2024 er i stor grad ei vidareføring av tidlegare forskrift, men på enkelte område er det gjort endringar mellom anna for at gebyrreglane skal reflektere nytt regelverk og for å oppnå betre kostnadsdekning.
Årsgebyr
Årsgebyr for luftfartøy og godkjente organisasjonar skal dekkje Luftfartstilsynets kostnadar med rutinemessige tilsyn, førespurnader og anna arbeid knytt til administrasjon og oppfølging igjennom året. Årsgebyr for 2024 er basert på rettar som er registrerte i Luftfartstilsynet og Norges luftfartøyregister per 1. januar 2024. Alle registrerte luftfartøy med godkjent luftdyktigheit vert fakturerte for årsgebyr.
Forskrifta vil bli publisert på Lovdata.