Single European Sky
Særskilt frå slutten av 1980-talet og utetter var det ein sterk vekst i den europeiske lufttrafikken. Dette førte på si side til eit stort press på bruken av luftrommet og lufttrafikktenestene. Eitt resultat av dette var mellom anna store forseinkingar, med høge kostnader for dei involverte aktørane.
For å betra situasjonen, etablerte EU eit stort program under namnet Single European Sky, gjerne forkorta SES. Dette programmet består både av økonomiske tilskotsordningar og eit omfattande regelverk. Hovudmålet med SES er å få betre integrert og meir effektiv bruk av luftrommet og lufttrafikktenestene på europeisk nivå.
Nedanfor nemner me enkelte av dei mest sentrale delane av programmet:
Etableringa av SESAR
SESAR står for The Single European Sky ATM Research, der ATM er ei forkorting for Air Traffic Management (lufttrafikkstyring). SESAR er styrt av SESAR Joint Undertaking (SESAR JU), som er eit offentleg/privat samarbeid mellom EU, Eurocontrol, enkelte lands lufttrafikktenester og større industriselskap. Føretaket har eit stort budsjett som dei nyttar til å utvikla bedre teknologi og prosedyrar med mål om å modernisera dei europeiske lufttrafikktenestene. Du kan lesa meir om SESAR her.
Krav til dei som yter lufttrafikktenester
Reglar om nasjonal utpeiking av ytarar av lufttrafikktenester og sertifisering av desse, samt reglar om at desse skal betra si yting av tenester på områda sikkerhet, miljø, kapasitet og kostnadseffektivitet (Performance & Charging Scheme.)
Funksjonelle luftromsblokker
Krav til etablering av funksjonelle luftromsblokker (Functional Airspace Blocks – FABs). Slike funksjonelle luftromsblokker er meint som eit verkemiddel for å få ei nærare integrering av det europeiske luftrommet, ved at nabostatar på eige initiativ går i saman om føremålstenlege luftromsavtalar. Noreg har saman med Finland, Estland og Latvia etablert NEFAB (North European Functional Airspace Block).
Organisering av bruk av luftrommet
Reglar om korleis bruk av luftrommet skal verta organisert og styrt på felleseuropeisk nivå, mellom anna ved fleksibel bruk av luftrommet.
Interoperabilitet
Felleseuropeiske krav til at system og komponentar til bruk i lufttrafikktenestene skal vera standardiserte og kompatible.