Hopp til innhold

Fleksibel bruk av luftrommet – FUA

Ei utfordring i luftrommet er at sivile og militære flygingar skjer etter forskjellige reglar og retningslinjer. For å sikra ein trygg luftfart, er det difor naudsynt å skilja mellom enkelte former for militære og sivile flygingar.

I mange europeiske land hadde ein av denne grunn tidlegare delt opp luftrommet i reine sivile og militære soner. Ei slik inndeling gjorde at store delar av luftrommet berre var reservert til anten sivil eller militær bruk. Mykje av luftrommet vart dermed ikkje optimalt utnytta, til dømes dersom det i periodar ikkje var militær lufttrafikk i militært luftrom.

Ein vesentleg auke av lufttrafikken har medført at ein i dei siste tiåra har opplevd stadig større kapasitetsproblem i det europeiske luftrommet. På europeisk nivå vart det difor utvikla eit konsept om fleksibel bruk av luftrommet (Flexible Use of Airspace – FUA). Dette konseptet gjekk ut på at luftrommet ikkje lenger skulle verta delt inn i reine sivile eller militære soner, men at naudsynte delar av luftrommet kunna verta reservert for militær bruk ved behov, og deretter frigjort til sivil bruk etterpå.

Som ein del av Single European Sky-programmet, vart felleseuropeiske reglar om FUA vedtekne gjennom forordning (EU) 2150/2005. Denne forordninga er tatt inn i norsk rett gjennom forskrift om fleksibel bruk av luftrommet (BSL G 4-1). I tråd med denne forskrifta har luftstyremakta Luftfartstilsynet etablert ein prosedyre for fleksibel bruk av luftrommet, gjerne kalla AMC-prosedyren. 

Kort fortalt fungerer FUA i Noreg slik at store delar av luftrommet er delt inn i blokker som Forsvaret kan reservera til bruk for både større øvingar og dagleg trening. Forsvaret bestiller dei blokkene dei treng på dagleg basis, og til visse konkrete tidsperiodar i løpet av dagen. Når den reserverte tidsperioden er utlaupt, så vert blokkene frigjorte til fordel for sivil aktivitet.

 

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø
  • Sentralbord:
    09:00–11:00 og 12:00–15:00 alle hverdager
  • Beredskapstelefon (ved ekstraordinære ulykker og hendelser):